Fjord kommune

Oppmåling

Lang saksbehandlingstid på kart og oppmålingstenester

Vi manglar for tida oppmålingsingeniør, og dette medfører at det må forventast lengre saksbehandlingstid på matrikulering, oppmåling og frådeling av eigedom. 

Omfordeling av oppgåver internt grunna mannskapsmangel på avdeling for Plan og miljø kan også påverke  saksbehandlingstida på andre område. For kortast mogleg saksbehandlingstid oppmodar vi om at dei som sender inn søknad på desse områd set seg godt inn i regelverk slik søknaden ikkje blir mangelfull. Eit alternativ er å få hjelp av fagfolk til utfylling av søknaden.

Vi arbeider med å få tilsett ny person til oppmåling, men vi forventar at situasjonen vil vare framover til sommaren. Vi seier oss lei for den ulempa dette medfører, og håper at situasjonen ikkje blir langvarig.