Deling av eigedom

Ønskjer du å dele eigedomen din (skille ut tomt), må du søke kommunen om løyve. Ved oppretting av ny grunneigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Kven kan søke

Det er eigar/heimelshavar av eigedomen som kan søke om frådeling. Er det fleire eigarar, så må alle eigarane signere søknaden. Alternativt kan person med fullmakt frå grunneigarane signere søknaden.
 

Pris

Når du skal dele frå ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet. 

Send nabovarsel    

Du kan bruke skjema for nabovarsel  frå Direktoratet for byggkvalitet. Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.

Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.

Fyll ut og send inn søknadsskjema

Søknadsskjema om deling av eigedom for søknadspliktige tiltak finn du her

Hugs at du må legge ved følgjande vedlegg:

  • Kart som viser kva grenser du ønskjer for parsellen

  • Gjenpart med kvittering for nabovarsel

  • Grunngjeving av dispensasjonssøknad dersom delinga er i strid med gjeldande planar

Søknadsskjema om løyve til tiltak utan ansvarsrett finn du her

Kva skjer vidare?

Etter at kommunen har gjeve løyve til deling av eigedomen, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.

Etter at parsellen er frådelt og har fått sitt eige gards- og bruksnummer, er det eigar av avgjevareigedomen som står som eigar av den nye eigedomen også. Dersom du ønskjer å føre over den nye eigedomen til ein annan, må du fylle ut eit skøyte. Skøyte til utfylling finn du her. Les meir om å tinglyse eit eigarskifte hos Kartverket.

Aktuelt lovverk

Leif Sægrov
Ingeniør oppmåling
E-post
Telefon 41 86 79 23