Fjord kommune og sosiale media

Våre digitale kanalar

Fjord kommune bruker fleire digitale kanalar til å kommunisere med verda ute.  
For å sørge for at vi innfrir vår lovfesta plikt til å informere innbyggjarane våre aktivt om vårt arbeid og våre tenester, har vi opprette ei eiga heimeside (www.fjord.kommune.no), der informasjonen om kva vi held på med er lett tilgjengeleg. I tillegg har vi også etablert nettsida Opplev Fjord (www.opplevfjord.no), der vi viser til dei ulike moglegheitene for å bu, næringsutvikling og friluftsliv hos oss, og der vi fortel dei gode og positive historiene, som ein del av vårt arbeid med omdømmebygging.
Vi er også til stades på Facebook.  Facebook er eit verktøy for å nå raskt og bredt ut med informasjon, og er ei god kanal for innbyggjardialog i kvardagen og i krisesituasjonar.
Opplev Fjord har i tillegg etablert ei Instagramkonto, som blir brukt i omdømmebyggingsarbeidet.

Kva med personvern?

Å vere til stades på digitale plattformer kan inneber ein risiko for personvern. I samsvar med rettleiing frå Datatilsynet og kommunesektorens organisasjon og utviklingspartnar (KS) har vi vurdert vår bruk av Facebook som kommunikasjonskanal.

Fjord kommune tek den enkelte sitt personvern på alvor. Vi har sett i verk ei rekkje tiltak for å avgrense bruken vår av Facebook sine tenester, og for å redusere mengda personopplysningar. Volumet av personopplysningar som vi bidrar til å generere via Facebook er lite.
Facebook behandlar direkte eller indirekte opplysningar som følgje av kommunen sin aktivitet på plattforma.
Personopplysningar som kommunen samlar inn, er frå innhald som den registrerte sjølv skapar gjennom ytringar og engasjement:

  • Kommenterer på eit innlegg
  • Gir ein reaksjon på eit innlegg
  • Sender ei melding via Messenger

I tillegg publiserer kommunen sjølv bilde/video.
Vi har eigne retningslinjer for bruk av bilde og video (PDF, 119 kB)  våre digitale kanalar. I dokumentet kan du lese kva slags bilde vi skal bruke, og kva grunnlaget er for publisering – i samsvar med personvernregelverket.
I retningslinjene har vi definert strikte og særeigne reglar for bruk av bilde av barn og unge.


I vår risikovurdering har vi lagt vekt på at kommunen har ein «berettiget interresse» til å bruke plattforma.  Som nemnt seier lova at vi skal informere våre innbyggjarar om kva vi gjer, og for oss er det derfor naturleg å bruke dei kanalane der innbyggjarane er.

Kva sider har vi på Facebook?
Fjord kommune har ein overordna side på Facebook. Målgruppa er innbyggjarar i kommunen.
Vår hovudside på Facebook har pr i dag nærmare 1300 følgjarar.
Vi har følgjande offentlege sider:

  • Fjord kommune
  • Opplev Fjord
  • Ordførar si side
  • Fjord frivilligsentralar
  • Fjord biliotek
  • Martin Linge-huset
  • Stordalshallen
  • Kulturskulen

Kommunedirektør er øvste ansvarleg  for våre digitale plattformer. Det daglege ansvaret av innhaldet er delegert til nettansvarleg.
Fjord kommune og Fjordhagen har administrator- og redaksjonsansvar for både Facebook og Instagram-konto som er knytt til Opplev Fjord.

Facebook- og Instagram-kontoane er samla i Meta Business Suite, for å ha kontroll over sider på overordna nivå, med delt administratoransvar slik at ein kan kvalitetssikre innhald (tekst, bilde og overvaking av innlegg) på best mogleg måte.

Kva gjer vi på Facebook?

  • Fjord kommune si heimeside er vår hovudkanal for informasjon. Facebook er berre eit supplement. All informasjon (av vesentleg karakter) som vi publiserer der, er også tilgjengeleg på vår heimeside (eller via andre kanalar). I tillegg informerer vi om arrangement og aktivitetar som blir gjennomført i Fjord kommune, i eige regi eller av andre.
  • Vi  nyttar berre Facebook sine marknadsføringstenester i spesielle tilfelle.
  • Vi følgjar med på aktiviteten på sidene og følgjer opp så raskt som mogleg.
  • Vi vurderer jamleg om at kommentarfeltet på ulike innlegg/nokre innlegg skal sperrast.
  • Facebook (samt Messenger) er ikkje er ein formell kommunikasjonskanal i Fjord kommune. Vi kan ikkje gi løyve eller drive sakshandsaming på Facebook. Saker som krev sakshandsaming melder du om via e-post (post@fjord.kommune.no), brev eller telefon.
  • Vi skal regelmessig slette innlegg/bilde/videoar som er utdatert/som ikkje har relevans lenger (minst to gonger per år).
  • Facebook har 13 års aldersgrense. Kommunen si facebook-side/sine facebook-sider skal vere ein trygg og god plass å stikke innom aleine, også for barn på 13.

Kva bør du passe på?

Tenk over kva du deler

  • Du har ytringsfridom. God debatt og usemje høyrer demokratiet til. Men ver kritisk og sørg for at du kan stå for det du legg ut.
  • Publiser berre ting du ville sagt ansikt til ansikt.
  • Vurder korleis du framstiller deg sjølv.
  • Ver klar over kva slags personleg informasjon du publiserer. Du kan ikkje dele sensitiv informasjon om deg sjølv eller andre. Slik informasjon blir sletta.
  • Forvent at alle kan sjå informasjon du deler. Når du har først lagt noko ut på nett, kan det vere umogleg å fjerne det igjen. På Facebook har det vi angrar på at vi skreiv ein tendens til å spreie seg uhyggeleg raskt.
  • Du har ikkje lov til å leggje ut bilde av andre personar.
  • Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna.

Ver ein venn på nett

  • Vanleg folkeskikk gjeld også på nett.
  • Vi tillèt ikkje publisering av innlegg og meldingar som er støytande eller lovstridig. Vi tillèt ikkje uthenging av enkeltpersonar, sjikane og liknande. Slike meldingar blir sletta når dei blir oppdaga. Før vi sletter desse, tek vi eit skjermbilde av kommentaren, som blir lagra i kommunen sitt digitale arkiv.

Følg råda for sikker pålogging

  • Lag unike passord for alle brukarkontoar.
  • Aktiver 2-trinns stadfesting på Facebook.

 Tenk før du klikkar

  • Speler innhaldet i meldinga på følelsar som tillit, frykt eller freistingar, og ein prøver å få deg til å gjere noko, så er dette kjende teikn på svindelforsøk.

Å vere på Facebook

  • Din egen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin.
  • Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernregelverket.
  • I Facebook sine retningslinjer betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte han til deg.
  • I Facebook sin personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller blir gitt tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API'er eller media mv.» Dette betyr at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på til dømes på Fjord kommune sin facebook-side, kan lesast og brukast av andre. Vi rår til at du går inn på innstillingar på din profil. I underkategorien Personvern kan styre tilgang til din konto.
    Ver også merksam på at mange appar gir tilgang til din konto. Tilgangen kan du styre i underkategorien Appar.
  • Alle brukarar på Facebook har eigen aktivitetslogg der alle aktivitetar er registrert og logga. Aktivitetsloggen er tilgjengeleg gjennom menyen eller via denne lenka
    Meta skriv i sine retningslinjer at brukarane kan bestille ein utskrift av all personleg informasjon som er lagra hos dei.
  • Facebook gjer det mogleg å slette bilder. Det er også mogleg å slette ein konto. Når ein brukar slettar sin konto, skriv Meta i sine retningslinjer at dei slettar data knytt til ein konto innan 30 dagar.