Høyring og offentleg ettersynLytt til tekstenStopp avspilling Her finn du kunngjeringar om planar og andre styringsdokument som ligg ute til høyring og offentleg ettersyn. Varsel om oppstart av planarbeid Den som skal i gang med å lage eller endre ein reguleringsplan skal direkte varsle dei som har eigedommar i området og annonsere planarbeidet i minst ein avis. Varselet om oppstart leggjast òg ut her slik at alle kan sei si meining når kommunen eller andre starter opp arbeidet med ein reguleringsplan. Innspel til varsel om oppstart skal sendast til forslagsstiller, kontaktinformasjonen ligg i varselet. Planar og styringsdokument til offentleg ettersyn og høyring Her ligg planar og styringsdokument som er ute til offentleg ettersyn og høyring slik at dei saka vedkjem og andre interesserte kan kome med innspel. Dei motekne merknadane blir ein del av saksframlegget når saka leggast fram til ny politisk handsaming. Merknadar skal sendast til post@fjord.kommune.no. (PDF, 979 kB) Sist endra 17.12.2021 08.13
Offentleg ettersyn - Aquakultursøknad på lokalitiet 12839 Vindsnes Hofseth Aqua AS søkjer om mellombels utviding av biomasse og areal på lokalitet 12839 Vindsnes i Fjord kommune. Søknaden er vurdert som komplett av Mø...
Detaljregulering Blomgjerda - offentleg ettersyn Planforslaget med namn Detaljregulering for Blomgjerda, del av gbnr. 10/1 blir – planID 202301 lagt ut til offentleg ettersyn.