Bruk av bilde og video

Fjord kommune ønsker å bruke bilde/video av lokale aktivitetar og arrangement som blir gjennomført, både i kommunal og i andre (klubb, forening, mv) sin regi for å gi innsikt i kommunen sitt arbeid og synleggjere kva som skjer på Fjord sine digitale kanalar (heimesida, nettsida Opplev Fjord, og sosiale medium (Facebook, Instagram).  

Fjord kommune har følgjande reglar for bruk av bilde og video på våre digitale kanalar: 
 

  • Vi skal som hovudregel alltid be om samtykke når vi ønsker å ta og publisere bilde/video, når enkeltpersonar er hovudmotivet, eller kan bli identifisert (såkalla «portrettbilder»). 

  • Ved store arrangement der kva som skjer er hovudmotivet (såkalla «situasjonsbilder») er det mogleg å ta og publisere bilder og videoar utan samtykke. Døme på slike arrangement er 17. mai, konsert, kongebesøk, forestilling, eller ein fritids- eller idrettsarrangement. 
    Grunnlag for publisering av bilde og videoar på våre digitale plattformer vil i desse tilfelle vere vår interesse å gi innsikt i kommunen sitt arbeid og synleggjere kva som skjer i samfunnet. 
    Før publisering kvart enkelt tilfelle vurdere om kommunen sine interesser veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. 
    Samstundes står personvernet også sterkt på arrangement som har allmenn interesse. Dette medfører at vi skal spørre om samtykke, dersom fokuset på bilde/video ligg på ein enkeltperson eller ei gruppe personar som deltek. 
    Dersom du (eller ditt barn) er med på situasjonsbilde(r), der arrangementet og det som skjer er hovudmotivet, og du ønsker å reservere deg mot dette likevel, kan du be om at du (eller ditt barn) blir fjerna frå eit slikt bilde. 

  • Med omsyn til barnets beste, skal Fjord kommune  i størst mogleg grad avgrense bruk av bilde og video av barn og unge. 

  • Vi skal i størst mogleg grad berre bruke detaljbilde, eller situasjonsbilde eller video-opptak som er tatt frå avstand, slik at ein ikkje kan identifisere nokon. 

  • Når barn eller unge får ei utmerking, kan ein vurdere å ta og publisere eit portrettbilde (enkeltperson eller gruppe). Vi skal då spesifikt spørje om samtykke.  Namn kan berre blir knytt opp mot bilde eller video i dette særlege tilfelle, og berre når vi har samtykke til det.  

  • Bilde (og video) av barn og unge som blir publiserte på nett, vil alltid leggast ut i ein kvalitet som gjer det lite attraktivt for andre å manipulere eller nytte dei i andre samanhengar. 

  • Det er frivillig å avgi samtykke.  Samtykket kan når som helst trekkjast tilbake, ved å ta kontakt med Fjord kommune. Når ein har trekt tilbake samtykke, skal bilde og video av den det gjeld bli sletta. 

  • For barn og unge under 15 år treng vi samtykke frå føresette. Barn som har fylt 15 år kan sjølv gi samtykke.  

  • Dersom vi får tilsendt bilde eller video av andre, skal vi ikkje publisere desse før vi har fått samtykke av den/dei som er med på bilde eller video-opptak. 

Gjennom eige skjema ønsker vi å innhente nødvendig samtykke i samband med fotografering og videofilming for dette føremål. 

Fjord kommune har eigne rutinar for lagring og sletting av bilde og video. Bilde og video (som ikkje har publiseringsverdi lenger) vil jamleg bli sletta frå kommunen sine digitale plattformer – minimum to gonger i året. 

Samtykket gjeld inntil bilde eller film blir sletta, eller til eg/vi endrar eller trekker tilbake samtykket munnleg eller skriftleg, ved å kontakte oss på tlf. 418 67 800, eller ved å sende epost: post@fjord.kommune.no

Når ein trekkjer tilbake sitt samtykke, treng vi å bli orientert om kva bilde/video, og kva kanal(ar) det gjeld.