Omstilling og utvikling i Fjord kommune

Fjord kommune står overfor fleire utfordringar som krev omstilling og tilpassing for å sikre ei berekraftig framtid. Både innbyggarar og tilsette vil merke omstillingane vi må gjennomføre.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Omstilling og utvikling skal gå hand i hand.  Utviklingsprosessar skjer skjer parallelt med reduksjon i driftskostnader, fordi vi veit at endring og omstilling er nøkkelen til å skape gode tenester og god samfunnsutvikling.

Utfordringsbildet

Fjord kommune, som mange andre norske kommunar, slit med å få balanse i budsjett og rekneskap. Trass i store inntekter frå kraftproduksjon, er det fleire faktorar som påverkar den økonomiske situasjonen negativt.

Auka kostnader til helse- og omsorgstenester, vedlikehald av infrastruktur oghøge driftskostnader over tid legg press på budsjettet. I tillegg har kommunen høg lånegjeld, noko som reduserer handlingsrommet i økonomistyringa. Den største utgiftsposten i kommunen er lønnskostnadene og for å ta høgde for dette må ein sjå på korleis kommunen er organisert i tråd med den demografiske utviklinga. 

Utfordringsbildet til Fjord
Framtidige utfordringar
Kva betyr dette for kommunen, og resten av samfunnet?
Du og eg har også eit ansvar

Slik skal vi utvikle oss

Omstilling og utvikling har i mange år vore ein del av den ordinære drifta. Men det er behov for større tiltak, og endringane kjem raskare.

Vi skal framleis drive samfunnsutvikling, og arbeide aktivt med å utvikle både tenestene og samfunnet kommunen er ein del av.

Under finn du nokre av tiltaka som er under arbeid.

Nye planar / strategiar skal gi retning og mål
Meir heilskapleg innsats

Saman skal vi få det til

Dette er kjerna i samskaping. Når kommunen, innbyggarane, frivilligheita, næringslivet, offentlege verksemder og andre samfunnsaktører samarbeider, kan vi få til meir enn kvar av oss klarer aleine!

Det kan handle om å:

  • bidra i frivillige lag og organisasjonar
  • hjelpe, naboar, familie og andre i nærmiljøet
  • skape møteplassar som gir tilhørigheit og fellesskap
  • dele kunnskap, erfaringar og gode idear
  • engasjere oss i utviklinga av lokalsamfunnet
  • samarbeide på tvers av kommune, næringsliv og frivillighet 

Tek vi viktige grep og riggar oss for framtida, kan vi saman vidareutvikle det trygge og gode velferdssamfunnet.