Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke fjord.kommune.no. Difor arbeider vi kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar for tilgjengelegheit.

Kort fortalt

Viktige grunnsteinar i vårt nettarbeid er:

  • god kommunikasjon
  • klart språk
  • universell utforming

Tiltak for å støtte tilgjengelegheit

Vi skal:

Dette arbeider vi med

Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi bruker bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også kome fram i form av tekst.

Slik jobbar vi med dette: 

  • Alle som publiserer på fjord.kommune.no får jamleg opplæring og rettleiing i korleis skrive for nett.
  • Gjennom jamleg testing avdekker vi og rettar opp i avvik, slik at brukaropplevinga blir best mogleg. 

Dette prioriterer vi i 2023: 

  • For informasjon som må vere tilgjengeleg i pdf-format vil vi gjere nødvendige tiltak for å tilpasse dei til krava om universell utforming. 
  • Vi skal digitalisere skjema som ikkje må vere i pdf-format.
  • Vi vil sikre universell utforming ved val av tredjepartsløysingar, og utvikling av eksisterande løysingar

Sei ifrå om manglande tilgjengelegheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer det vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på tilbakemeldingar om dette.

Gi beskjed om feil på nettstaden

Tilgjengelegheitserklæring

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.

Les tilgjengelegheitserklæringa vår her.

Fleire tilgjengelegheitserklæringar

På fjord.kommune.no brukar vi løysingar der vi ikkje får lagt erklæringa direkte på sida. Du finn dei difor opplista her:

Ansvarleg for nettstaden

  • Kommunalområda og verksemdene er ansvarleg for sitt eige innhald på nettstaden.
  • Ansvarleg redaktør er kommunedirektør Karl Andre Birkhol.
  • Nettredaktør er Aud Lindis Ødegaard.