Vassmålar

Installasjon av vassmålar kan krevast både av kommunen og hushaldningar. Næringsabonnentar skal ha vassmålar.

Målgruppe

Bustadabonnentar og næringsabonnentar.

Kriterier

Installering av vassmålar er meldepliktige. Den som ønsker slik installasjon må kontakte ein godkjent rørleggar. Rørleggar tek kontakt med kommunen og får utlevert vassmålar. Installasjonen skal godkjennast av kommunen. Når vassmålar er plombert, skal ikkje plomben røyrast eller vassmålaren fjernast. 

Pris 

Huseigar betalar for arbeidet med installering. Øvrige kostnader knytt til vassmålar (inkludert innkjøp og framtidig utskifting av målar) vert dekt via årsgebyra inkludert vassmålarleige.

Huseigar sitt ansvar

Huseigar skal halde vassmålar lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald. Er målaren vekk eller skada skal du omgåande gje melding til kommunen. Huseigar har ansvar for vedlikehald.

Avlesing av vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Du vil få ein SMS med informasjonen du treng for å kunne melde inn målarstanden. Les av alle dei svarte tala - også nullane. Raude tal skal ikkje takast med. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 01. januar. 

Registreringsskjema

Når installasjon er utført av rørleggar, skal dette dokumenterast og sendast inn til kommunen på eige skjema.

Yngve Hovden
Ingeniør kommunalteknikk
E-post
Telefon 94 82 16 53