Høyring og offentleg ettersynLytt til tekstenStopp avspilling Her finn du kunngjeringar om planar og andre styringsdokument som ligg ute til høyring og offentleg ettersyn. Varsel om oppstart av planarbeid Den som skal i gang med å lage eller endre ein reguleringsplan skal direkte varsle dei som har eigedommar i området og annonsere planarbeidet i minst ein avis. Varselet om oppstart leggjast òg ut her slik at alle kan sei si meining når kommunen eller andre starter opp arbeidet med ein reguleringsplan. Innspel til varsel om oppstart skal sendast til forslagsstiller, kontaktinformasjonen ligg i varselet. Planar og styringsdokument til offentleg ettersyn og høyring Her ligg planar og styringsdokument som er ute til offentleg ettersyn og høyring slik at dei saka vedkjem og andre interesserte kan kome med innspel. Dei motekne merknadane blir ein del av saksframlegget når saka leggast fram til ny politisk handsaming. Merknadar skal sendast til post@fjord.kommune.no. (PDF, 979 kB) Sist endra 17.12.2021 08.13
Høyring av forskrifter i grunnskule og skulefritidsordning Ny Opplæringslov frå 01.08.24 krev at kommunen skal ha forskrift om hovudmål, skulefritidsordning, permisjon frå opplæringa, skulerute og skulereglar.
Høyring - Førebyggande oppvekstplan Barnevernsreforma, også kalla oppvekstreforma tredde i kraft 01.01.22. Oppvekstreforma skal styrke kommunen sitt førebyggande arbeid og tidleg innsats...
Høyring: Arbeidet med ny arealplan er i gang Planen for korleis Fjord kommune skal sjå ut og kva tiltak som skal vere mogleg å setje i gang på ulike areal skal bestemmast. No er sjansen for å kom...
Varsel om oppstart av planarbeid På vegne av grunneigar av gbnr. 144/5 varslar proESS AS oppstart av planarbeid for del av gbnr. 144/5 – område BFR10 i kommunedelplan for Nørdalen, jf...