Tenester

Markering av verdsdagen for psykisk helse


Tema for verdsdagen 2021 er Livet under og etter pandemien. Måndag 11. oktober set Fjord bibliotek ekstra fokus på psykisk helse med kaffi og vafler, bokutstilling og prat på avdelinga i Valldal. Velkomen!

Etter ein lang periode med isolasjon og sosial avstand er det godt å kunne samlast att. Folkehelseinstituttet si undersøking om smitteverntiltak, livskvalitet og psykisk helse viste at fleire har vore einsame og hatt psykiske plager i denne perioden.

No kan vi møtast att slik som før, og vi inviterer alle til kaffi, vafler og ein god prat rundt bordet på biblioteket kl 10-16 denne dagen. Kanskje finn du ei bok du vil låne også. Biblioteket er ope til kl 17.

Årets tema: Livet under og etter pandemien

Sjå filmsnutt

 

Målet for Verdsdagen for psykisk helse er å spre kunnskap og gjere det lettare å snakke ope og fordomsfritt om psykisk helse. Den psykiske helsa vil bli utfordra gjennom livet og å slite psykisk i perioder er normalt. Halvparten av oss vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Nettopp fordi det angår så mange treng vi å vite kva vi kan gjere i kvardagen for å bygge motstandskraft. 

God psykisk helse handler om motstandskraft. Det å ha vener og eit fellesskap gjer oss betre rusta til å takle store omveltingar i livet. Sosial støtte er førebyggande og gir deg nokon å spørje om hjelp når det buttar imot. Vi treng slike fellesskap.

Ver oppmerksom. Ver til stades. Følg Opp.