Frådeling av eigedom i LNF-areal

I areal sett av til Landbruk, natur og friluftsliv er det normalt sett bygge og deleforbod med mindre det gjeld eit tiltak som kan settast i samanheng med landbruksnæringa.

På kartløysinga til Fjord kommune kan du sjekke kva det aktuelle arealet er sett av til i kommuneplan/reguleringsplan.
 

For å dele frå ei tomt i LNF må ein gjennom fleire steg

Steg 1. Få løyve til frådelinga etter plan og bygningslov og jordlov, samt eventuelle føresegner i kommuneplanen.

Steg 2. Søke om å dele frå eigedommen. Meir informasjon om frådeling finn du i eigen artikkel.

Eventuelt steg 3: Dersom ein skal dele frå gardstun og selje landbruksjorda. Etter at den nye eigedommen er oppretta og tinglyst, kan kjøpar av landbruksjord søke om konsesjon og få den behandla av landbrukskontoret.

Plan og bygningslov

Skal ein dele frå ei tomt, eventuelt eit eksisterande bygg/gardstun på i eit LNF område er det ein viss søknadsprosess som må gjennomførast. Først må det søkjast dispensasjon etter Plan og bygningslova § 19-2. Søknadsskjema og  informasjon om dispensasjonssøknad finn du i eigen artikkel. Vi ber dykk om å sette dykk godt inn i rettleiaren for dispensasjonssøknader før de søkjer.

Jordlov

Ved frådeling av landbrukseigedom må søknaden også behandlast etter jordlova. Det må gjevast løyve etter begge lovverka før det kan delast i frå.

Naturfare

Eit av krava til oppretting av ny eigedom er at den har tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare, jamfør krava i plan og bygningslova § 26-1 og TEK17 (byggteknisk forskrift). Naturfare kan gjere seg gjeldande gjennom skred, flaum, oppskylling frå flodbølge og grunnforhold. Store areal i Fjord kommune ligg innanfor ei faresone for naturfare. For mange områder er naturfaren ikkje kartlagt, då må ein sjå om arealet ligg innanfor ei aktsemdsområde for skred eller flaum. Faresonekart og aktsemdskart for naturfare finn ein på NVE sitt kartverk NVE Atlas. Vanlegvis skal ei tomt til hytte eller bustad ligge slik til at det i snitt går skred sjeldnare enn kvart 1000 år. Dette kravet gjeld sjølv om ein skal dele frå eit bygg som har stått på staden i lang tid.

Skal søknaden om dispensasjon handsamast må naturfaren vere avklart på førehand. Som hovudregel må ein nytte personar med tilstrekkeleg fagkompetanse til å avklare naturfare.

Situasjonsplan

Ein må legge ved ein situasjonsplan på korleis ein ønskjer den frådelte tomta. Skal ein bygge noko på tomta må det også synleggjerast.

Nabovarsling

Med søknad om dispensasjon må det leggast ved nabovarsling. Papirskjema for nabovarsling finn du på Direktoratet for byggkvalitet.

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22