Arealoverføring

Ved arealoverføring kan du få overført areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring vert nytta når arealet som skal overførast er større enn kva som er mogleg å overføre med ei grensejustering. Du må søke kommunen om delingsløyve.

Kven kan søkje?

Det er eigar av eigedomane som kan søkje om arealoverføring.

Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere  original eller stadfesta rett kopi.

Kva kostar det?

Ved arealoverføring må du betale gebyr både for handsaming av søknaden etter plan- og bygningslova, matrikkellova  og i nokre høve også etter jordlova. Arealoverføring utløyser også dokumentavgift, som er 2,5 % av salsverdien, minimum 250 kroner. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 525 kroner per dokument som vert tinglyst.

Betalingssatsar

Slik søker du
 

1. Send nabovarsel

Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet . Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.

Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.

2. Send inn søknadsskjema

Fyll ut elektronisk skjema.

Hugs at du må legge ved følgjande vedlegg:

  • Kart som viser kva areal som skal overførast og forslag til ny eigedomsgrense.
  • Utfylt gjenpart av nabovarsel med kvittering.

Kva skjer vidare

Etter at kommunen har gjeve løyve til arealoverføring, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dersom det er hefter på arealet som skal overførast, må desse slettast. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.

Leif Sægrov
Ingeniør oppmåling
E-post
Telefon 41 86 79 23