Sommaraktivitetar for barn og unge
Supersommar er eit tilbod om sommaraktivitetar for barn og unge i 1. - 10. klasse. Supersommar 2025 gjeld for veke 26 og 33. Aktivitetane er lagt til bygdene i Fjord kommune og er eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv. Nytt av året er samarbeid med DNT Sunnmøre om friluftsskule for 5.-7. klasse i fire dagar i veke 26.
Supersommar er gratis for deltakarane med unntak av friluftsskulen som kostar litt.
Tilbodet gjeld for barn og unge som bur i Fjord kommune.
Praktisk informasjon
- Aktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09.30 til 14.45.
- Det vert sett opp skyss.
- Alle deltakarar må ta med eiga niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen (med få unntak).
- Meir informasjon om kvar aktivitet på lenkene nedanfor.
Påmelding
Påmelding via elektronisk skjema på heimesida til Fjord kommune. Påmeldinga blir opna i veke 23.
Påmeldingsfrist er fredag 13. juni 2025.
- Du melder barnet på til aktivitet på det klassetrinnet eleven går på våren 2025.
- Merk at nokre aktivitetetar krev signering av eigenerklæring frå føresette.
- Nokre av aktivitetane vil ha begrensa antal plassar. Det blir sett opp venteliste om aktiviteten blir fullteikna.
- Ved få påmeldte til enkelte aktivitetar kan det bli utvida påmeldingsfrist. Ved for få påmeldte kan aktiviteten bli avlyst.
Automatisk e-post
Når påmeldinga di er registrert vil du få ein automatisk e-post med informasjon om dette. Det kan ta litt tid før e-posten kjem, men om du ikkje får ein slik e-post eller har problem med påmeldingsskjemaet så ta kontakt med oss.
Bindande påmelding
Det er bindande påmelding – om barnet likevel vert hindra i å delta, er det viktig at de melder frå, slik at andre kan få tilbod om plass dersom det er venteliste. NB! Om barnet ikkje møter til aktiviteten og det ikkje er gitt beskjed om dette på førehand, vil føresette i etterkant bli fakturert med kr. 300.
Barn som skal starte i 1. klasse
Barn som skal starte i 1. klasse hausten 2025 kan ikkje delta på Supersommar, med mindre dei har SFO-plass frå august og SFO skal delta på den aktuelle aktiviteten. (Då vil SFO sørge for påmelding).
Transport
Det blir gratis skyss mellom Stordal skule - Liabygda - Linge ferjekai – Valldal sentrum og til den staden aktiviteten skal vere. Sjå Supersommar bussrute på baksida av informasjonsskrivet. Ta direkte kontakt om det er behov for anna skyss enn det som er oppsett.
Program og bussruter for Supersommar 2025 finn de på denne lenka (PDF, 372 kB)
Aktivitetane
Klikk på lenka for aktiviteten for informasjon og påmelding.
Veke 26
Måndag 23. juni
Bading i Tafjord friluftsbad for 1. - 4. klasse - måndag 23. juni.
Friluftsskule for 5.-7. klasse i Tafjord, 23.-26. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre.
Tysdag 24. juni
Bading i Tafjord friluftsbad for 1.-4. klasse - tysdag 24. juni
Friluftsskule for 5.-7. klasse i Tafjord, 23.-26. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre.
Rafting i Valldøla med Uteguiden for 8.-10. klasse - tysdag 24. juni
Onsdag 25. juni
Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1.-4. klasse - onsdag 25. juni
Friluftsskulen for 5.-7. klasse i Tafjord, 23.-26. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre.
Kulå Bowling og Troll Dungeon for 8.-10. klasse - onsdag 25. juni
Torsdag 26. juni
Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1.-4. klasse - torsdag 26. juni
Friluftsskulen for 5.-7. klasse i Tafjord, 23.-26. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre.
SUP/kajakk med Uteguiden for 8.-10. klasse - torsdag 26. juni
Veke 33
Måndag 11. august
Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - måndag 11 august
Tysdag 12. august
Songseminar med Maria for 1. - 10. klasse - tysdag 12. august
Onsdag 13. august
Fotballskule for 5.-10. klasse - onsdag 13. aug-torsdag 14. aug
Torsdag 14. august
Aktivitetsdag for 1.-4.klasse i Stordal torsdag 14. august
Fotballskule for 5.-10. klasse - onsdag 13. aug-torsdag 14. aug
Supersommar er drifta av Fjord kommune med støtte frå Bufdir.