2025 Aktivitetsdag inne og ute i Stordal for 1. - 4. klasse - torsdag 14. august

Tid: Torsdag 14. august kl 09:30-14:45 – 1 dag 

Stad: Stordalshallen/biblioteket/badeplassen i Stordal 

Målgruppe: 1.-4. klasse 

Velkomen til ein dag med aktivitetar i Stordalshallen, lesestund på biblioteket og aktivitetsløype på turen ned til badeplassen i hamna, der vi avsluttar dagen med leik og moro i fjøra. 
Barna møter opp i Stordalshallen og dei som ikkje tar buss må bli henta ved badeplassen kl 14:45. 

Denne aktiviteten kan ha maks 20 deltakarar.

Ta med:  

  • Ryggsekk med niste og drikke for heile dagen.  
  • Innesko. 
  • Kle deg etter vêret. 

   

Påmeldingsskjema 

Påmeldinga er no stengt. Det kjem informasjon om tildeling av plass innan 4. juli. Har du spørsmål så ta kontakt.

Det er nokre få ledige plassar, ta direkte kontakt på e-post.