2025 SUP/kajakk med Uteguiden for 8. - 10. klasse - torsdag 26. juni
Tid: Torsdag 26. juni kl 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 8. - 10. klasse
Uteguiden tilbyr ein dag med kajakk og SUP. Halve dagen med kajakk og halve dagen med SUP. Det blir ein kjekk dag med leik og sprell. Opplev fjorden frå kajakk og SUP!
Oppmøte for dei som ikkje skal ha skyss blir ved Uteguiden sine lokaler i Valldal
Les meir om Uteguiden
Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Varme kle – ullundertøy og ekstra skift til etterpå. Ei lue og buff er lurt å ta med.
Caps, solbriller og solkrem om det er sol.
NB! Ein føresett må underskrive eigenerklæringsskjema.
Denne aktiviteten kan ha maks 32 deltakarar. (Halv dag med kajakk og halv dag med SUP).
Påmeldingskjema
Publisert 02.06.2025 13.54