Skatteoppkrevaroppgåver

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevaroppgåvene som kommunen har hatt tidlegere. Det betyr at det ikkje lenger er skatteoppkrevar (kemnar) i kommunen.

Skatteetaten har med dette eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkreving og kontroll av skattar og avgifter.

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er blant anna innkreving av restskatt, skatt til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjeveravgift, motrekning, utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsggjevaravgift.

Kommunane har framleis ansvar for innkreving av kommunale krav.

Sjå meir informasjon på Skatteetaten sine sider.

Saker til behandling er overført til Skatteetaten

Viss du har hatt sak under behandling hos ditt gamle skatteoppkrevarkontor, er denne overført til Skatteetaten. Du kan ha fått tildelt ny saksbehandlar/kontaktperson.

Kontakt Skatteetaten

Kontakt Skatteetaten på tlf 800 80 000,

eller gå inn på Skatteetatens heimeside.

 

 

Skatteetaten .no
Telefon 800 80 000

www.skatteetaten.no