Høyring: Arbeidet med ny arealplan er i gangLytt til tekstenStopp avspillingPlanen for korleis Fjord kommune skal sjå ut og kva tiltak som skal vere mogleg å setje i gang på ulike areal skal bestemmast. No er sjansen for å kome med dine innspel. Fjord kommune har vedtatt oppstart av arbeid med ny arealdel av kommuneplanen for heile Fjord kommune. I den anledning varslar vi oppstart og sender planprogrammet på høyring.Formannskapet er i gang med arbeidet, og har hatt ein arbeidsverkstad knytt til prosessen som no startar opp.Kommuneplanen sin arealdel består i dag av mange arealdelplanar, og det pågår eit arbeid med ny felles plan for sjøareala i Storfjorden saman med Stranda og Sykkylven. Eksisterande planar skal erstattast av ein komplett plan for arealet i heile kommunen, og prosessen skal etter kvart samordnast med pågåande interkommunal planprosess for sjøareala. Planprogram (PDF, 2 MB)Sak i formannskapet 11.04.24Frist for innspel til varsel om oppstart og høyring av vedlagte planprogram er 27. mai 2024. Send innspel via digitalt skjemaAlternativt kan du sende meknader til post@fjord.kommune.no, eller på papir til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal. Publisert 06.05.2024 09.04 Sist endra 24.07.2024 15.02