Formannskapet i gang med ny arealplan

Arbeidet med ny arealplan for Fjord kommune er i gang. Målet er å lage ein samanhengande og utviklande plan for Fjord kommune fram til 2040. 

Personar i møterom - Klikk for stort bilete

Arealplanen skal bestemme kva areal som skal nyttast til kva funksjon, og kva tiltak som kan gjennomførast kvar. Denne planen kan både opne for enkelttiltak og bygging direkte eller opne for vidare planlegging ved hjelp av reguleringsplan. Planprosessen kjem til å vare eit par år, då det er mykje kunnskapsgrunnlag som skal framskaffast og samordnast, og det skal gjennomførast fleire rundar med medverknad frå innbyggarar, organisasjonar, bedrifter og myndigheter.

Formannskapet har 14.03.24 gjennomført ein workshop for oppstart av planarbeidet med utforming av planprogrammet for prosessen. Dette programmet er ein plan for planprosessen og legg føringar for kva planprosessen skal oppnå og kva den skal innehalde av utgreiingar.  Sjå utkastet som var underlag til møtet (PDF, 3 MB).

Workshopen omhandla mellom anna refleksjonar rundt Fjord sin identitet, kva som er viktige stader i kommunen og kva som utgjer ein viktig stad, omgjering av politikk og partiprogram til konkret arealbruk, øvingar på å sjå på dagens planlagde bruk opp i mot dagens faktiske bruk.

Resultatet av workshopen var ein god diskusjon rundt kva som er viktig og kva ambisjonar ein bør ha i planprosessen. Dette har lagt føringar for planprogrammet som no snart kjem på høyring. I same anledning vil det varlast oppstart av arealplanarbeidet og opnast for innspel, så følg med!