Supersommar 2026!Lytt til tekstenStopp avspillingVi inviterer barn og unge som går i 1.-10. klasse i Fjord til kjekke sommaraktivitetar! Påmelding på lenkene nedanfor. Sommaraktivitetar for barn og ungeSupersommar er eit tilbod om sommaraktivitetar for barn og unge i 1. - 10. klasse. Supersommar 2026 gjeld for veke 26 og 27. Aktivitetane er lagt til bygdene i Fjord kommune og er eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv. Også i år har vi eit samarbeid med DNT Sunnmøre om friluftsskule for 5.-7. klasse i fire dagar i veke 26.Aktivitetane er gratis for deltakarane, med unntak av friluftsskulen som kostar litt. Skyss er gratis.MålgruppeSupersommar er eit tilbod til barn og unge som går i 1.-10. klasse i Fjord kommune.Praktisk informasjonAktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09.30 til 14.45. Det vert sett opp skyss. Alle deltakarar må ta med eiga niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen (med få unntak). Meir informasjon om kvar aktivitet på lenkene nedanfor.Påmeldingsfrist er 14. juni Viktig å vite om påmeldingDu melder barnet på til aktivitet på det klassetrinnet eleven går på våren 2026.Merk at nokre aktivitetetar krev signering av eigenerklæring frå føresette.Nokre av aktivitetane vil ha eit avgrensa tal plassar. Det blir sett opp venteliste om aktiviteten blir fullteikna.Ved få påmeldte til enkelte aktivitetar kan det bli utvida påmeldingsfrist. Ved for få påmeldte kan aktiviteten bli avlyst.Automatisk e-postNår påmeldinga di er registrert vil du få ein automatisk e-post med informasjon om dette. Det kan ta litt tid før e-posten kjem, men om du ikkje får ein slik e-post eller har problem med påmeldingsskjemaet så ta kontakt med oss.Bindande påmeldingDet er bindande påmelding. Om barnet likevel vert hindra i å delta er det viktig at de melder frå, slik at andre kan få tilbod om plass dersom det er venteliste. NB! Om barnet ikkje møter til aktiviteten og det ikkje er gitt beskjed om dette på førehand, vil føresette i etterkant bli fakturert med kr. 300.Barn som skal starte i 1. klasseBarn som skal starte i 1. klasse hausten 2026 kan dessverre ikkje delta på Supersommar. Tilbodet gjeld barn som går i 1.-10. klasse i Fjord våren 2026.TransportDet blir gratis skyss på strekninga Stordal skule - Liabygda - Linge ferjekai – Valldal sentrum og til den staden aktiviteten skal vere. Sjå Supersommar si bussrute på informasjonsskrivet. Ta direkte kontakt om det er behov for anna skyss enn det som er oppsett. Program og bussruter for Supersommar 2026 finn du på denne lenka (PDF, 350 kB)AktivitetaneKlikk på lenka for kvar enkelt aktivitet for informasjon og påmelding. Måndag 22. juni1. - 4. klasse: Bading i Tafjord friluftsbad - måndag 22. juni5. - 7. klasse: Friluftsskulen i Tafjord, 22.-25. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre, lenke i informasjonsteksten.8. - 10. klasse: Ingen tilbod denne dagenTysdag 23. juni1. - 4. klasse: Bading i Tafjord friluftsbad - tysdag 23. juni5. - 7. klasse: Friluftsskulen i Tafjord, 22.-25. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre, lenke i informasjonsteksten.8. - 10. klasse: Kajakk & SUP med Uteguiden - tysdag 23. juniOnsdag 24. juni1. - 4. klasse: Kulå Bowling og Sommarbibliotek - onsdag 24. juni5. - 7. klasse: Friluftsskulen i Tafjord, 22.-25. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre, lenke i informasjonsteksten.8. - 10. klasse: Ingen tilbod denne dagenTorsdag 25. juni1.-4. klasse: Gaute Gneis og Ville Krefter i Tafjord - torsdag 25. juni5. - 7. klasse: Friluftsskulen i Tafjord, 22.-25. juni. NB! fire dagar. Påmelding til DNT Sunnmøre, lenke i informasjonsteksten.8.-10. klasse: Rafting i Valldøla med Uteguiden - torsdag 25. juni Måndag 29. juni1.- 4. klasse: Aktivitetsdag inne og ute i Stordal - måndag 29. juni5. - 10. klasse: Gaming på Stordal ungdomsklubb - måndag 29. juniTysdag 30. juni1. - 10. klasse: Valldal aktivitetspark - tysdag 30. juni NB! Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene.Hugs å signere elektronisk eigenerklæring, lenke i informasjonsteksten.Onsdag 1. juli 1. - 4. klasse: Feriedag på tunet hos Mariastallen - onsdag 1. juli1. - 4. klasse: Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal - onsdag 1. juli5. - 10. klasse: Ingen tilbod denne dagenTorsdag 2. juli 1.-4. klasse: Feriedag på tunet hos Mariastallen- torsdag 2. juli1.-4. klasse: Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal - torsdag 2. juli5.-10. klasse: Kulå Bowling og Troll Dungeon - torsdag 2. juliSupersommar er drifta av Fjord kommune med støtte frå Bufdir. Publisert 05.06.2026 13.30 Sist endra 05.06.2026 13.30