2026 Kajakk & SUP med Uteguiden for 8. - 10. klasse - tysdag 23. juni
Tid: Tysdag 23. juni kl 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Valldal
Målgruppe: 8. - 10. klasse
Uteguiden tilbyr ein dag med kajakk og SUP. Halve dagen med kajakk og halve dagen med SUP. Det blir ein kjekk dag med leik og sprell. Opplev fjorden frå kajakk og SUP!
Oppmøte ved Uteguiden sine lokale i Valldal
Denne aktiviteten kan ha maks 32 deltakarar. (Halv dag med kajakk og halv dag med SUP).
Ta med:
- Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
- Varme kle – ullundertøy og ekstra skift til etterpå. Ei lue og buff er lurt å ta med.
- Caps, solbriller og solkrem om det er sol.
Les meir om Uteguiden på nettsida deira.
Påmeldingskjema
Publisert 04.06.2026 16.02