2026 Feriedag på tunet hos Mariastallen for 1.-4. klasse - torsdag 2. juli

Tid: Torsdag 2. juli kl 09:30-14:30 – 1 dag

Stad: Mariastallen/Krikane Gard på Grønningsæter i Valldal

Målgruppe: 1.-4. klasse

En feriedag på tunet består av aktivitetar knytt til hest og stall, litt sau, kanin og høner. Vi blir kjent med kvarandre og garden, litt stallarbeid og tar lunsj ute om vêret er bra. Det blir aktivitet med hest – det kan vere riding, øvelsar med hest frå bakken, gymnastikk på hesteryggen eller køyring med hest og vogn. Om vêret er fint kan det bli langtur med lunsj i seterdalen der hestane kan gå fritt.

Denne aktiviteten kan ha maks 10 deltakarar.  

Ta med:  

  • Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
  • Klede til å vere ute, langbukser og gode sko sjølv om veret er varmt. 
  • Sko: Helst sko med flat såle og litt hæl, som ikkje set seg ikkje fast i stigbøylene på salen. Grove tursko er lite eigna. 
  • Solkrem om det er fint vêr.

Mariastallen har hjelmar og sikkerhetsvestar, men ønskjer at dei som har slikt utstyr sjølv tek det med.  

Les meir om tilboda hos Mariastallen.

Påmeldingsskjema