2026 Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - tysdag 30. juni

Tid: Tysdag 30. juni kl 09:30-14:30 – 1 dag 

Stad: Valldal aktivitetspark 

Målgruppe: 1.-10. klasse 

Bli med på ein heil dag med klatring og aktivitet

Parken har klatreløyper og zip-lines, bagjump, hoppepute og hoppeslott.  

Personar under 18 år ha godkjenning av føresette/ansvarleg for å delta. Ein føresett må signere eigenerklæring elektronisk: Sikkerheitsreglar - Valldal Aktivitetspark

Dei ulike løypene har ulike høgdekrav.  

NB! Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene. Eventuelt kan de gjere avtale med andre føresette. (Hugs! Maks 4 barn under 12 år per vaksen).

Kan du hjelpe til?

Om det er foreldre eller andre over 18 år som har lyst å vere med som frivillige klatrarar/frivillige tilsynsvakter denne dagen, er det fint om de snarast tar kontakt med Supersommar på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no   

Les meir om Valldal aktivitetspark på nettsida deira

Ta med

  • Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
  • Parken anbefaler å bruke hanskar. (Tynne arbeidshanskar, langrennshanskar, sykkelhanskar eller liknande). Hanskar kan også kjøpast i parken.
  • NB! Ein føresett må skrive under på elektronisk eigenerklæring, sjå lenke ovanfor..

Spørsmål?

Om du har spørsmål til påmeldinga eller anna kan du ta kontakt med Bjørg, tlf 90529164

Påmeldingsskjema 

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
E-post
Telefon 90 52 91 64