2026 Aktivitetsdag inne og ute i Stordal for 1.-4. klasse
Tid: Måndag 29. juni kl. 09:30-14:45 – 1 dag
Stad: Stordalshallen
Målgruppe: 1.-4. klasse
Velkomen til ein dag med ulike aktivitetar i Stordalshallen og ved Stordal skule.
Barna møter opp i Stordalshallen og dei som ikkje tar buss må bli henta ved Stordalshallen kl 14:45.
Denne aktiviteten kan ha maks 20 deltakarar
Ta med
- Innesko og utekle etter vêret.
- Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Påmeldingsskjema
Publisert 04.06.2026 14.41
Sist endra 04.06.2026 14.41