2026 Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1. - 4. klasse - onsdag 1. juli
Tid: Onsdag 1. juli kl 10:00-14:30 – 1 dag
Stad: Toregarden, Eidsdal
Målgruppe: 1.-4. klasse
Aktivitetar på garden og i naturen, nærkontakt med dyr og fine opplevingar i området rundt garden. Vi starter med å stelle dyra på garden. Vi har sau, hest og hund. Dei som vil, kan få ri på hesten, eller gå på låven og hoppe i høyet. Etter fjøsstellet går vi ein tur i skogen der vi et lunsj, og vi kan sage og spikke. Kanskje klarer vi å lage noko av naturmateriale?
Velkommen til ein triveleg dag med oss i Toregarden!
Denne aktiviteten kan ha maks 12 deltakarar.
Ta med:
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen.
Utekle, gode sko/støvlar.
Påmeldingsskjema
Publisert 04.06.2026 14.42
Sist endra 04.06.2026 14.42