Moro med MOT til Mosætra

Eit flagg med teksten MOT vaiar på ei flaggstang som står på ein plen med eit fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteMOT-flagget på Mo(T)sætra Fjord kommune

Årets MOTbakkeløp blei gjennomført i strålande haustvêr søndag 24. september. Rundt hundre små og store deltakarar tok turen opp den bratte bakken til Mo(t)sætra i Stordal. 

10 personar utkeldd som dyr står på ei grasmark i eit fjellområde. Blå himmel. - Klikk for stort bileteHer er dyra som vi traff på veg opp og som hadde skodespelet om skinnvotten. MOT Fjord

Forteljinga om skinnvotten

Langs løypa kunne vi treffe på dyra frå forteljinga om skinnvotten, til stor motivasjon for dei yngste. Skinnvotten er originalt ei ukrainsk forteljing om dyr som søkjer ly i ein skinnvott ei kald vinternatt. Dette gjer dei på tvers av næringskjeda. Dette passar godt med MOT sitt arbeid, der vi jobbar for å skape robust ungdom som inkluderer alle. Heile skodespelet blei vist på Mosætra etter at alle var komne opp.  

Aktivitetar på Mosætra

På toppen var det sal av kaffi og kaker, aktivitetar med kubb, krokket og boccia. Etter at konkurranseklassa var komen opp så var det premieutdeling og loddtrekning. Alle som kom opp fekk eit lodd kvar og var med på trekninga av mange flotte premiar som var sponsa av bedrifter i Stordal og Valldal. 

Konkurranseklassa

Ein deltakar passerer målseglet på ein setervoll i eit fjellområde. Nokre tilskodarar til stades. Blå himmel og sol. - Klikk for stort bileteIngeborg Synstnes Hole kom først i mål av alle på tida 15.30 min MOT Fjord

I konkurranseklassa var det Ingeborg Synstnes Hole som kom først opp av alle på tida 15:30. Den offisielle rekorden til Hans Martin Gjedrem frå i fjor, på 15:21, står dermed fortsatt. Hole har sprunge opp til Mosætra før. Dette var på ei kretssamling tidlegare i år, då klokka ho inn på 14:05(!).  I klassa herrer under 18 år blei det spurtoppgjer mellom Iver Vartdal og Heine Fuglem, der Iver kom først i mål på tida 15:46, med Heine sekundet bak. Sakarias kom på tredjeplass på tida 20:06. Elida Fuglem vann kvinner over 18 på tida 19:10. I klassa herrer over 18 år var det Magne Eivind Glomnes som kom først i mål på tida 16:20, tett følgt av Pål Bjørn Øvrebust på 16:50. Tredjeplassen tok Karl Oskar Farstad på 17:00. Heile resultatlista finn du her. (PDF, 103 kB)

Takk til dei som støtta arrrangementet!

Det er mange som har bidrege til dette arrangementet og vi rettar ein stor takk til alle!

Sparebanken Møre var hovudsponsor og stilte med pengepremiar til konkurranseklassa og diverse artiklar til loddtrekninga. Desse bedriftene frå Stordal og Valldal stilte med artiklar til loddtrekninga: Best Stordal, Joker Stordal, Valldal aktivitetspark, Storfjord Iskrem, Gutta krutt iskremoase, Coop prix Stordal, Stordal Møbler, Busengdal Transport, Bonett, Nilsgardstunet, P.Øie, NOI frisør og Helland Møbler.  

Fjord Bibliotek Stordal med Bjørg Moltu i spissen saman med frivilligentusiast Palma Øvrebust har planlagt og organisert skodespelet på toppen og langs løypa. Desse stilte opp som skodespelarar: Anita Hallan (Pilemus Silkehår), Kine Tøsse (Revemor Silkensvans), Vigdis Hove Øie (Ulven Aldrimett), Lars Kristian Øvrebust (Friskefrosk Langelår), Eva Hove (Haremann Hopsadans), Bjørnar Midtbust (Villsvinet Trynebrett), Tove Inger Lien (Bamsefar Labbdiger), Torill Sandvik (Gammal Mann), Gunn Janne Lid (Hund) og Bjørg Moltu som forteljar. Skodespelarane sjølv har bidrege til kostyme, i tillegg til Bjørg Jacobsen, Therese Vidhammer og Palma Øvrebust. Kulisser har Bjørg Moltu og Magne Staurset laga. 

Mykje utstyr har blitt frakta opp og ned, dette har Kjell Magne Moe frakta i sin ATV, men ikkje alt fekk plass der. Thomas Kirkebøe, Lars-Petter Aasen og Magne Staurset var tidleg oppe for å frakta blant anna fersk kaffi, frukt, kake og kulisser på plass.  

Stordalshallen har stilt kjøkkenet og kaffikanner til disposisjon. 

9. klasse ved Stordal skule har baka kakene og Stordal Helselag har sponsa frukta som vart delt ut gratis ved "bensinstasjonen" undervegs. Elisabeth Lorgen tok seg av salet på toppen og Pål Bjørn Øvrebust organiserte konkurranseklassa.  

Takk til alle desse som bidrog til at dette blei eit flott arrangement. 

Helsing frå MOT- Fjord kommune
v/ Robin Aasen, Bjørg Jacobsen og Maria Dvergsdal 

Ein person utkledd som ein hare møter barn i ein skog. - Klikk for stort bilete
MAnge pseroanr er samla i eit fjellområde og følg med p noko som skjer utanfor bildelkanten. Det er grasmark, flagg og ein bygning i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
Mange personar samla rundt eit målsegl p ein setervoll i eit fjellområde. Blåh immel og sol. - Klikk for stort bilete
Eit flagg med teksten MOT vaiar på ei flaggstang som står på ein plen med eit fjell i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete
10 personar utkeldd som dyr står på ei grasmark i eit fjellområde. Blå himmel. - Klikk for stort bilete
Ein deltakar passerer målseglet på ein setervoll i eit fjellområde. Nokre tilskodarar til stades. Blå himmel og sol. - Klikk for stort bilete
Tre treningskledde gutar med gåvesjekkar på ein setervoll i eit fjellområde. Blå himmel. - Klikk for stort bilete
Ein person sit på ein campingstol med mikrofon og papir i hendene. Ein høgtalar står ved sidan av. Ei raud hytte i bakgrunnen. Grøn grasmark med haustfarga lauvskog i bakgrunnen.. - Klikk for stort bilete


Klart for MOT-bakkeløpet! - lenke til førehandsomtale

Robin Høiberg Aasen
MOT-coach
E-post
Mobil 41 64 67 69
Maria Dvergsdal
MOT-coach
E-post
Mobil 90 89 36 97
Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64