Klart for MOT-bakkeløpet!

to vaksne og tre brnpå tur i skogen. eit barn i beremeis. Personane ser p åein perosn utkledd som Rødhette. - Klikk for stort bilete"I fjor møtte vi blant anna Rødhette som var på leiting etter huset til bestemora si" MOT Fjord

Søndag 24. september kl. 10:00 starter familiearrangementet opp MOT-bakken til Mosætra i Stordal. I konkurranseklassa er det pengepremiar og langs løypa og på toppen blir det skodespel. Møt opp til ein kjekk dag for store og små! 

Kva skjer langs løypa

Frå klokka 10:00 vil det vere opplegg langs løypa frå Mo og opp til Mosætra. I år er det historia om skinnvotten, originalt i frå Ukraina, som vil vere hovudtema. Langs løypa kan ein møte dei ulike dyra som er med i historia, og desse vil til slutt halde skodespelet på toppen. Historia handlar om å inkludere alle dyra i den varme skinnvotten ei kald vinternatt, til trass for dyra si næringskjede og ulikskap. Mykje av MOT sitt bodskap handlar om nettopp å inkludere dei som er utanfor.  Skodespelet er i regi av Fjord bibliotek Stordal og frivillige medhjelparar.

Halvvegs opp vil det vere ein «bensinstasjon» der ein kan få i seg gratis frukt og MOT-drops. Frukta er sponsa av Nasjonalforeningen Stordal helselag. På toppen er det sal av kaffi og kaker, og det vil vere ulike spel som ein kan halde på med medan ein ventar på konkurranseklassa. 

Arrangemnetet er gratis.

Konkurranseklassa

Konkurranseklassa har start kl 12:00 og i år så har Sparebanken Møre sponsa pengepremiar for 1.-3. plassane i alle klasser. Kr 1000 til første plass, kr 500 til andre plass og kr 300 til tredje plass.
Påmeldingskjema for konkurranseklassa finn du på denne lenka.  

Premieutdeling

Etter at konkurranseklassa er komen i mål blir det premieutdeling. Alle som kjem seg opp på Mosætra er med i trekking av ei rekke premiar frå sponsorane våre.

Vêrmeldingane ser lovande ut, legg turen til Mosætra på søndag! 

Parkering

Ta av i krysset mot Overøye og følg skilting. Løypa startar på andre sida av vegen for Mo bedehus.

Turomtale for StikkUT!-turen til Mosætra

Takk til sponsorane og støttespelararane våre

Sparebanken Møre (hovudsponsor), Stordal Møbel, Joker Stordal, P. Øie, NOI Frisør, Valldal aktivitetspark, Gutta Krutt, Bonett.no, Coop Prix Stordal, Busengdal, Nilsgardstunet, Storfjord Iskrem, Best Stordal, Helland Møbler, Fjord bibliotek Stordal, Stordal frivilligsentral, Valldal IL

Arrangør er MOT i Fjord kommune