Følg oss på OpplevFjord

Lurer du på kva som skjer i Fjord kommune? Vil du sjå små glimt frå kvardagen vår i Fjord? Då bør du følgje OpplevFjord på facebook og instagram.

Ny nettside for Fjord-samfunnet vart lansert i mai. Les tidlegare artikkel om den nye nettsida.

No har vi tatt steget vidare til facebook og instagram

Her finn du informasjon om arrangement, ledige stillingar og korte kvardagsglimt.

Aktivitetskalendaren blir kopiert frå Fjord kommune sine nettsider. Her treng vi at alle bidreg med innmelding av smått og stort som skjer - slik at oversikten blir så god som råd er.

Har du innspel, spørsmål eller tips om arrangement, ta kontakt på: opplevfjord@fjord.kommune.no.