Lanserer ny nettside for Fjord-samfunnet

Fjord kommune lanserer no ei ny nettside for Fjord-samfunnet; opplevfjord.no  

Dette er ei nettside som har vore etterspurt frå fleire hald, og er difor eitt av tiltaka i den nyleg vedtekne samfunnsdelen til kommuneplanen. Sida handlar om livet i Fjord, med fokus på opplevingar og kvardagsaktivitetar; korleis det er å bu her og kva kan du finne på når du kjem hit som gjest.  

Opplevfjord.no gir innsikt i kulturlivet og det frivillige organisasjonslivet og oversikt over næringsliv og ledige stillingar, i tillegg til aktuelle reportasjar og presentasjon av bygdene. Slik ønskjer vi å marknadsføre kvalitetane ved lokalsamfunnet vårt til ulike målgrupper. 

Det har vore arbeidd grundig med oppsettet for å få sida så brukarvenleg som råd. Vi er i startgropa, og ønskjer bidrag frå både næring, kultur og andre for å få fylt sida med godt innhald.  Vi ønskjer også fleire gode kvalitetsbilde i liggande format med personar på som viser aktivitet og glede. 

Opplistinga av frivillige lag og næringslivet blir supplert fortløpande. 

Ta turen innom opplevfjord.no, og sjå deg rundt. Har du innspel eller aktuelle bilde, så send oss ein epost på opplevfjord@fjord.kommune.no