Er du ein engasjert ungdom mellom 13 og 19 år?
No kan du bli med i Ungdomsrådet, og uttale deg på vegne av barn og unge i kommunen. Det skal veljast nye medlemmar, og vi håper du vil vere med.
Hege Sylte Sæther
Ungdomsrådet har 4-5 møter i året og deltek på Ungdommens fylkesting og får tilbod om å delta på ulike opplegg i regi av kommune og fylkeskommune.
Fjord ungdomsråd består av 9 medlemmar, der tre skal vere i alderen 16-19 år. Representantane i aldersgruppa 13-16 blir vald ved kvar av ungdomsskulane i kommunen. Du blir vald for to år.
Er du mellom 16-19 år, kan du melde di interesse på elektronisk skjema under.
Frist for å melde seg er 17. november.
Her kan du lese meir om ungdomsrådet
Spørsmål? Ta kontakt med Bjørg Jacobsen på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no eller telefon 90529164.
Publisert 10.11.2023 14.37