Digitalt søknadskurs for spelemidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit digitalt søknadskurs for aktuelle søkarar i spelemiddelordninga den 28. september.

Kurs for uerfarne søkarar

Dette er eit lågterskelkurs for uerfarne søkarar, men alle som vil kan delta. Det blir det ein gjennomgang av vilkår for å få ein godkjent søknad, i tillegg til orientering om andre sentrale element i ordninga, som tilskotssum og fristar.
Merk: Dette er ikkje eit møte med rettleiing for den enkelte og deira søknad, men generell informasjon om søknadsprosessen.

Kurset er på Teams torsdag 28. september kl 19-20. Det er inga påmelding.
Meir informasjon og lenke til oppkbling til Teams finn du på fylkeskommunen si nettside.

Søknadsfrist i Fjord er 15. oktober

Fjord kommune forvaltar spelemiddelordninga lokalt, og vi minner om at  søknadsfristen er 15. oktober. Vi oppmodar eventuelle nye søkarar å ta kontakt så snart som råd.
Søknadar som er innsendt tildegare, men som ikkje har fått tilskot, skal fornyast i anleggsregisteret.  

Meir informasjon om spelemiddelordninga i Fjord finn du her.