Spelemidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut stønad frå spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.

Fjord kommune forvaltar spelelmiddelordninga lokalt

Kulturdepartementet set krav til dokumentasjon og planar for å oppnå godkjente spelemiddelsøknadar. Start difor planlegginga i god tid.

Korleis søke?

  • Ta kontakt med kommunen så tidleg som mogleg.
  • Kommunen må registrere anlegget i anleggsregisteret.no før søknad kan opprettast.
  • Søknad og vedlegg skal leverast elektronisk gjennom anleggsregisteret. Søknadsskjema finn du her

Vilkår

  • For å ha rett til å søke om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet så må anlegget vere oppført i handlingsprogrammet i kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. Dette er ein del av kulturplanen for Fjord kommune.  (Kulturplan 2023-2030 skal til politisk behandling hausten 2023)
  • Søkar må følgje Kulturdepartementet sine føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • For lokale kulturarenaer gjeld eit eige regelverk
  • Søknadane kan vere både nye, fornya og gjentatt.
    Fornya søknad vert nytta når ein har søkt tidlegare, men ikkje motteke tilskot, medan gjentatt vert nytta når ein har motteke deltilskot tidlegare.
  • Søkjar må sende inn søknaden på nytt kvart år fram til tildeling (fornye).

Søknadsbeløp

  • Ordinære anlegg - 1/3 av totalsum.
    (Det er ulike grenser for makimal søknadssum, sjå Kulturdepartementet sine føresegner.)
  • Nærmiljøanlegg - 1/2 av totalsum, inntil kr 300 000.
  • Lokale kulturarenaer - 1/3 av totalsum. Sjå regelverket for meir informasjon.

Søknadsfrist til Fjord kommune

15. oktober

Nyttige lenker

Om spelemiddelordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune

Anleggsregisteret.no

Gode idrettsanlegg

Norges idrettsforbund

Hallgeir Hove
Dagleg leiar Stordalshallen / kulturkonsulent
E-post
Telefon 90 94 93 58
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06