Digital postkasse og elektronisk signering

Fjord kommune nyttar digital utsending av brev frå kommunen til den digitale postkassa di. Har du digital postkasse mottek du brevet same dag som det blir sendt frå kommunen.

Digital postkasse

Fjord kommune nyttar digital utsending av brev frå kommunen via tenesta SvarUt til den digitale postkassa di. Dette gjeld både privatpersonar og bedrifter. Mange har oppretta digital postkasse, men framleis er det innbyggjarar som ikkje har digital postkasse enno. Har du digital postkasse mottek du brevet same dag som det blir sendt frå kommunen.

Her kan du lese om korleis du opprettar ei digital postkasse.

 

eSignering

Fjord kommune har nyleg teke i bruk eSignering. Vi sender ut dokument som treng signatur til elektronisk signering, dette kan vere kontraktar, arbeidsavtalar og ulike dokument frå skulane.

Av omsyn til personvernet vil ikkje tittelen på dokumentet vise i meldinga. Tittelen på sendinga er «Førespørsel om digital signering frå Fjord kommune»