Digital postkasse

Mange innbyggjarar har enno ikkje tatt i bruk digital postkasse. Vi ønskjer å informere om tilbodet slik at fleire kan ta imot digital post frå kommunen.

Fordelar ved å opprette ei digital postkasse

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruke.
  • Du mottek og oppbevarer viktige brev ein stad, både fra private og offentlige verksemder.
  • Mottek post uansett kvar du er
  • Unngår unødig ventetid
  • Raskt, sikkert og enkelt!

1,7 millionar nordmenn brukar i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Men potensialet for bruk av digital post er vesentleg større.

Målet vårt er at flest muleg går over til digital postkasse slik at vi sparer både ressursar og miljøet.

Vi trur også at mange innbyggarar vil synest digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassa, uansett kvar du er. Raskt, sikkert og enkelt! 

Ved å opprette ei digital postkasse hos Digipost eller e-Boks - dei to leverandørene det offentlege har valgt - bidreg du til å redusere miljøbelastningar og til store innsparingar for det offentlege. Les mer på www.norge.no.

Slik opprettar du digital postkasse

  • Du kan velge enten e-boks eller digipost som di digitale postkasse. Postkassene er likestilte og begge tilfredsstillar strenge krav til tryggleik. Det er gratis å opprette og bruke postkassen. Du kan enkelt byte postkasse seinare om du ønsker det. Les meir her.
  • Når du vel digital postkasse, seier du ja til digital post og vil ikkje motta papirpost frå det offentlege.
  • Dersom du ikke ønsker digital post, kan du reservere deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret (eller ringe 800 30 300).

Slik åpner og les du posten din

Du treng ikkje sjekke om det har kome brev frå det offentlege i den digitale postkassa di. Kvar gong kommunen sender post til deg, får du varsel på SMS eller epost. For å åpne og lese posten din brukar du same innlogging som du er vant til å bruke når du sjekkar sjølvmeldinga eller brukar andre offentlege tenester på nett.

  • Når du får ny post, blir du varsla på SMS eller epost. 
  • For å åpne og lese brevet går du til heimesida til di valgte postkasse. 
  • Logg inn i postkassa via ID-porten.

Du kan også laste ned app frå både Digipost og e-Boks for enkelt å lese brev på mobil eller nettbrett.

Gradvis overgang

I tida som kjem vil du kunne oppleve å få nokre brev på papir fra kommunen sjølv om du har oppretta ei digital postkasse. Det er fordi det vil ta litt tid før alle avdelingane i kommunen får tatt i bruk digital utsending av brev.

 

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 41 86 78 00