Bli med på MOTbakkeløp!

Laurdag 1. oktober arrangerer MOT Fjord MOTbakkeløp opp til Mo(t)sætra i Stordal. Det er både mosjonist- og konkurranseklasse - alle kan vere med!

START

Kl. 10:00: Mosjonistklassa (for alle, utan tidtaking), fellesstart. Ein kan starte før eller seinare om ein vil, men aktivitetar for dei minste langs løypa vil vere frå kl. 10:00-11:30.

Kl. 12:00: Konkurranseklassa, fellesstart.

NB! Det er gratis å delta, men alle som skal gå opp må gå innom sekretariatet ved start og få utdelt lodd til ei trekning på toppen. Konkurranseklassa får utdelt lodd ved målgang.

Stad: Ved Mo bedehus, Stordal. 

LØYPA

Løypa vil gå langs grusvegen eit lite stykke før ein går ut av vegen og følgjer råsa oppover. Det vil vere tydeleg merka. Både konkurranse- og mosjonistklassa følgjer den same ruta, ca. 1,5 km og 400 høgdemeter. Løypa er tilnærma lik dette stravasegmentet.

AKTIVITETAR UNDERVEGS

Undervegs vil det henge plakatar med historier og verktøy som vi bruker i MOT. Dette er både for små og store. Eit lite stykke oppi råsa vil du møte på «Eventyrskogen». Der vil det vere opplegg for dei minste, tilrettelagt for barn i barnehage og barneskule. Seinare i løypa vil du møte ein «bensinstasjon» med gratis «bensin» for alle.

PÅ TOPPEN

Heilt oppe på Mosætra vil det vere sal av kaffi og kaker, loddtrekning, premiering av konkurranseklassa og ulike aktivitetar for små og store.

VIKTIG INFORMASJON

Konkurranseklassa startar kl. 12:00. Er du i råsa i tidsrommet frå 12:00 til 12:30 må du vere spesielt merksam på deltakarar som kjem springande, og flytte deg ut av løypa i god tid. Vi vil gjerne ha publikum langs løypa, men vi vil ha lite folk som går opp eller ned i dette tidsrommet!

PÅMELDING:

Ingen påmelding i mosjonistklassa.

Påmelding for konkurranseklassa til og med 30. september via denne lenka.

Det er også mogleg å melde seg på i sekretariatet før start, men vi ser helst at påmeldinga er gjort på førehand via lenka ovanfor. Påmelding og utdeling av startnummer seinast 30 minutt før start, kl. 11:30.

Det blir fire klasser; kvinner under 18, kvinner over 18, menn under 18 og menn over 18.
Premie til dei tre beste i kvar klasse.

AVSLUTNING

Vi avsluttar ca. kl. 13:30. Arrangementet er gratis og vert arrangert av MOT i Fjord kommune. Fjord kommune er ei MOT-kommune som har faste opplegg i ungdomsskulane og blant dei tilsette i Fjord kommune. Dette er eit arrangement for MOT i samfunnet.

PARKERING

Ved Mo bedehus og på marka ved busskuret ved avkøyringa til Overøye. Det vil vere skilta til parkeringa.

Plakaten finn du her.


VEL MØTT!
 

For spørsmål om arrangementet, kontakt Robin Aasen

Meir om turen opp til Mosætra kan du lese om på morotur.no

Følg gjerne MOT Fjord på facebook for meir informasjon.