Skulane ønskjer, saman med MOT, å vere ein ungdoms- og samfunnsbyggar som styrker ungdomen si bevisstheit og mot.
Gjennom MOT sitt program Robust ungdom vert ungdom bevisstgjort på desse verdiane. Programmet består av 12 MOT-økter i klassene i løpet av ungdomsskulen. Desse øktene vert leia av kommune sine MOT-coachar: Maria Dvergesdal og Robin Aasen. Personalet på skulane forøvrig har alle kjennskap til MOT, og brukar det på sin måte i anna undervisning.
Å styrke robustheite hos ungdom har dobbeleffekt:
1. Det verkar på individet - den einskilde blir meir motstandsdyktig og tek ansvar for seg sjølv.
2. Det verkar på gruppa - ved å bli meir robust kan ein i større grad ta vare på andre og skape trygge kulturar der alle er inkludert.
Les meir om organisasjonen MOT
Publisert15.03.2019 14.41