• Hending

Seniormiddag

Dato

Tysdag 14. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 15:00 - 18:00

Stad

Stordalshallen

Vi ønskjer deg som er senior i Fjord velkomen til middag og prat i Stordalshallen tysdag 14. oktober klokka 15. Hugs påmelding.

Målet er å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Menyen blir biffgryte med salat og ris, kaffi og kake. Ordførar og kommuneleiing gler seg til å møte dykk og dei vil informere om arbeidet med levekårsplan og livsløpstrapp – kva meiner du? Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo i målgruppa som vil vere med! 

Pris

Eigenandel kr 100. Betal med kontantar eller vipps når du kjem. 

Gratis skyss

Har du behov for skyss til/frå Stordalshallen, bestiller du direkte til transportør.

  • Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
  • Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
  • Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Påmeldingsfrist

Påmelding innan 6. oktober. Har du gløymt å melde deg på eller har du spørsmål kan du ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164.

Seniormiddagen vert delfinansiert med tilskot frå Helsedirektoratet.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Fjord kommune

Om staden

Namn

Stordalshallen

Om arrangementet