Kom med innspel til levekårsplanen

Vi arbeider med ein levekårsplan og ei livsløpstrapp - kva betyr det for deg?

Levekårsplan som styringsverktøy

Levekårsplanen skal fungere som eit heilskapleg og overordna styringsverktøy på tvers av einingane i kommunen. Planen skal peike ut retninga for å møte ei utfordrande framtid.

Vår eiga livsløpstrapp

Vi har utvikla Fjord si eiga livsløpstrapp! Trappa skildrar tenestebehovet vårt gjennom livet, og ho har fire trinn:

1- Førebygging

Fleirtalet av innbyggjarane er på dette trinnet. Vi klarer oss sjølve og tek ansvar for eiga helse og eigen livssituasjon.

2 - Eigenmestring

Når du treng litt ekstra informasjon og støtte for å meistre kvardagen.

3 -Tilrettelegging

Når du treng tiltak og løysingar som gjer kvardagen enklare.

4 -Spesialisert hjelp

Når du treng fagleg kvalifisert og tilpassa støtte for best mogleg livskvalitet.

dekorativ - Klikk for stort bileteLivsløpstrappa i Fjord

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvar trinn er du på?

Vi ønskjer at flest mogleg av dei som bur i Fjord skal klare seg sjølv på trinna for førebygging og eigenmestring. På den måten har vi nok ressursar til å hjelpe dei som har behov for tilrettelegging og spesialisert hjelp. 

Vi må saman definere forventningane til oss som kommune - og deg som innbyggjar - på dei ulike trinna.

 Vi vil gjerne ha innspel til innhald i trinna på livsløpstrappa - kladden ser du her (PDF, 850 kB)


Felles innsats - gi oss innspel!

Vi må samla gjere ein innsats, slik at flest mogleg meistrar sin eigen kvardag lengst mogleg. Dette må vi få til i fellesskap!