Velkomen til seniormiddag

Vi ønskjer deg som er senior i Fjord og Liabygda velkomen til middag og prat i oktober. Det er framleis mogleg å melde seg på i Eidsdal. Vel møtt!

Velkomen til seniormiddag

Målet er å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Det er ulike menyar på kvar serveringsstad. Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo som også er senior. 

Seniormiddag vert arrangert i samarbeid med dei tre pensjonistlaga i Fjord og er delfinansiert med tilskot frå Pensjonistforbundet.

Tid og stad

Torsdag 1. oktober klokka 15.00: Valldal fjordhotell i Valldal - påmeldingsfrist 25. september FULLT

Onsdag 7. oktober klokka 15.00: Nilsgardstunet i Stordal - påmeldingsfrist 2. oktober

Tosdag 15. oktober klokka 15.00: Nerigardsløa i Eidsdal - påmeldingsfrist 9. oktober

Pris

Eigenandel kr 100. Betal med kontantar eller vipps når du kjem.

Gratis skyss

Har du behov for skyss til/frå middagen bestiller du direkte til transportør.

  • Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
  • Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
  • Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Påmeldingsskjema

Oppdatering 5. oktober: Det er kjekt at så mange vil vere med, og middagen på Valldal Fjordhotell vart gjennomført med 100 deltakarar. Det er også mange påmeldte på Nilsgardstunet og påmeldinga der er no stengt. Det er plass til nokre fleire i Eidsdal, frist 9. oktober. Ta kontakt med Bjørg. 

 

Har du spørsmål eller vil melde deg på via telefon kan du ta kontakt med Bjørg på dagtid (klokka 08-16)

 

Seniormiddagen vert delfinansiert med tilskot frå Pensjonistforbundet.

 

mange personar samla rundt småbord innandørs - Klikk for stort bileteFullt hus under seniormiddag i Stordalshallen 2025
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
Telefon 90 52 91 64
portrett - Klikk for stort bilete
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
Telefon 41 86 78 06