Mindre endring av reguleringsplan

Reguleringsendringar følgjer i utgangspunktet dei same reglane som ved utarbeiding av detaljregulering. For enkelte mindre reguleringsendringar er det lagt opp til ein enklare prosess etter plan- og bygningslova § 12-14.

For at reguleringsendringa kan bli behandla som ei mindre reguleringsendring må den:

  • i liten grad påvirke gjennomføringa av resten av planen
  • ikkje gå utover hovudrammene i planen
  • ikkje berøre omsynet til viktige natur- og friluftsområde.

Endring kan ikkje gjennomførast etter reglane i plan- og bygningslova § 12-14 2. ledd dersom den:

  • utløyser krav om risiko- og sårbarheitsanalyse etter pbl. §4-3 jf. §12-4, 5. ledd
  • er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som gir grunnlag for motsegn
  • får konsekvensar av vesentleg betyding for andre saker som gjer at det er nødvendig å sjå endringa i ein større samanheng
  • føreset medverknad frå andre enn dei grunneigarane som endringa direkte rører ved
  • råkar ved viktig infrastruktur eller har samanheng med andre tiltak planen inneheld
  • får innvending frå sektormynde
  • er i strid med overordna planar.

Det vil først og fremst vere konsekvensen av endringane, ikkje storleiken i seg sjølv som vil vere avgjerande for om ein kan nytta ein enklare sakshandsaming.

Handsaming

Ta kontakt med kommunen for å avklare prosess og krav til søknad før du går i gang med søknad. Det kan vere aktuelt med eit avgrensa oppstartsmøte. Kommunen, ved planavdelinga, skal i det enkelte tilfellet gjere ei konkret vurdering på om endringa kan behandlast som mindre endring, eller om det må regulerast i ny plan. Rundskriv H-6/17 er veiledende i denne vurderinga.

Før det kan gjerast vedtak skal saka føreleggast mynde og eigarar/festarar av eigedomar som vert direkte råka av vedtaket, og eventuelt andre aktuelle høyringspartar. Frist for uttale vil normalt vere 3 veker. Dersom kommunen ikkje har motteke vesentlige merknadar til endringsforslaget, kan det sendast ut melding om delegert vedtak.

Krav til søknaden

Før søknad om mindre endring vert sendt kommunen forslagstiller gjennomføre nabovarsling som i ein ordinær plan- eller byggesak. Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet. Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.

Søknaden om mindre endring av plan skal innehalde:

  • Namn på reguleringsplan som ein vil endre
  • Søknad (tekst med beskriving av kva ein vil endre i plankart og/eller føresegner med grunngjeving)
  • Kart – Situasjonsplan, illustrasjon av eventuell endring i plankart
  • Kopi av nabovarsel
  • Liste over mottakarar av nabovarsel
  • Kopi av eventuelle innkomne merknadar og søkjar sine kommentarar til desse

Forslagsstillar sender søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess til post@fjord.kommune.no.

Saksbehandlingsgebyr for søknader kjem fram av gjeldane betalingssatsar.

Daria Klymenko
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 41 86 79 28