Salsløyve - alkoholhaldig drikk

Butikkar som skal selje alkohol må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikk med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få innvilga salsløyve.

Kven kan få salsløyve?

Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven. Kunnskapsprøven blir gjennomført elektronisk og du får du teke denne ved å ta kontakt med servicetorget. 

Korleis søkje?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.

Du vil bli beden om å laste opp vedlegg. Søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottekne. 

Vedlegg til søknad

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Du finn oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Fjord kommune ein gong i året på eige skjema.

Lover og forskrifter

Lover og forskrifter som gjeld for serverings-, sals og skjenkestader

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24