Regelverk for sal- servering- og skjenkestadar

Alle som har fått eit løyve er ansvarleg for å sette seg inn i og følge regelverket. Her er ei oversikt over det viktigaste du må vite for god drift:

Retningslinjer for alkohol, Fjord kommune (lag linke

Målet er å føre ein politikk som avgrensar dei samfunnsmessige og individuelle skadeverknadane som alkoholbruk kan innebere.

Alkohollova

Føremålet med lova er i størst mulig grad å begrense dei samfunnsmessige og individuelle skadene som alkoholbruk kan innebere. Lova skal også fremme næringspolitiske formål, samt hindre kriminalitet i delar av bransjen.

Alkoholforskrifta

Alkoholforskrifta er gitt i medhald av alkohollova. Forskrifta inneheld reglar for praksis av sals- eller skjenkeløyve.

Serveringslova

Lova sitt foremål er å sikre forsvarleg drift av serveringsstadar av omsyn til næringa, gjestane og samfunnet elles. Lova skal bidra til å gi serveringsstadane stabile og føreseielege rammer og hindre illojal konkurranse. 

Bokføringsforskrifta

Forskrifta skal sikre god dokumentasjon av all omsenting i serveringsvirksomheiter i restaurantbransjen, og bidra til at all omsetning og uttak blir bokført, beskatta og avgiftsberekna korrekt.

Kva som skjer om du ikkje overheld regelverket?

Forskrift om tildeling av prikkar og inndraging av løyve ved brot på alkohollova. 

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 41 86 78 00