Heimehjelp

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp i heimen slik den enkelte kan bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (pdf)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med tiltakskontoret. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Det vert kravd eigenandel for praktisk hjelp i heimen. Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av kommunestyret.

Gjeldande satsar for heimehjelp 

Kriterier for tildeling

Tenesta kan vere aktuell dersom søkjar:

  • Ikkje er i stand til å ivareta eigenomsorg
  • Heilt eller delvis er avhengig av praktisk eller personleg hjelp og støtte til å greie dagliglivets gjeremål
  • Ikkje heilt eller delvis greier å ta del i oppgåvene
  • Ikkje har ektefelle eller sambuar eller andre som kan i vareta oppgåvene

Ved utmåling av tenesta vil det bli tatt omsyn til om det oppheld seg/ bur andre familiemedlemmer ilag med søkjar.

Kva skjer vidare?

Søknadar vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar på søknaden innan tre veker skal du motta eit svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Klage

Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagas etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

 

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00