Drikkevasskvalitet

Fjord kommune har tre vassverk: Valldal vassverk, Stordal vassverk og Nørdalen vassverk. I tillegg driftar kommunen Myklebust vassverk. Det finst i tillegg fleire private vassverk i kommunen.

Fysiske og kjemiske eigenskapar

Vasskvaliteten blir kontrollert kvar månad. Vassprøvene vert tekne ute på leidningsnettet og analysert av akkreditert laboratorium. Dei siste åra har alle analyser tilfredsstilt dei strenge krava i forskrifta.

Drikkevatn frå privat vassforsyning

Har du eiga vassforsyning kan du få drikkevatnet ditt analysert av eit privat laboratorium. Fleire av laboratoria har nettbutikk. Flaskene blir sendt heim til deg med posten og du sender flasker med vatn i retur. 

Hugs at alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hos Mattilsynet.

Lover og reglar

Forskrift om vannforsyning og drikkevann

Yngve Hovden
Ingeniør kommunalteknikk
E-post
Telefon 94 82 16 53