Bestille ekstra sekker eller dunkar

Bestille ekstra sekker eller dunkar

Dunkar

Til eit standard renovasjonsabonnement høyrer følgande med:

  • 140 l restavfallsdunk 
  • 240 l papiravfallsdunk (eventuelt 140 l)
  • 140 l plastemballasjesekk 

​Mange har 140 l papirdunk. Du kan få ​større papirdunk utan tillegg i pris. Du kan bestille større papirdunk her.

Sekk til sortering av plast

Når du er tom for plastsekkar kan du knyte ein berepose på ein av dunkane dine. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Da får du utdelt sekkar neste gong avfall blir tømt hos deg.

Hugs og å fjerne posen når du har fått nye sekkar.

La posen henge til neste gong dersom renovatør ikkje har lagt att rull med sekkar. På nokre ruter er det mange som har behov for posar, og renovatørane går tom på vegen.

Det er utdeling av rullar til alle husstandar til hausten.

Du kan også få fleire sekkar i servicetorget på rådhuset i Fjord kommune.

For meir informasjon kontakt Årim

Avfall som ikkje går i dunken?

Ekstrasekk

Om du har meir avfall enn det som får plass i dunken kan du kjøpe ein ekstrasekk i servicetorget på rådhuset. Sekken er oransje, og kan brukast i alle ÅRIM-kommunane. Det vil seie at du kan kjøpe sekken i din kommune og levere han i ein annen. 

Pris

Renovasjon - ekstrasekk til restavfall

Ekstrasekk til restavfall

65,00

inkl. mva

Sekken kan settast ut med restavfallet på hentedag.

Dersom du har større mengder avfall etter for eksempel oppussing, eller møblar og andre store ting som ikkje får plass i dunken kan du levere dette på Miljøstasjonen i Valldal, eller kontakte den mobile miljøstasjonen. Vurder gjerne først om det du ønsker kvitte deg med er noko andre kan ha nytte av.

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 418 67 800