Meld inn arrangement eller overnatting

Meld inn arrangement eller overnatting

Dersom du har eit arrangement, med eller utan overnatting, så skal dette meldast.

Ved arrangement med og utan overnatting skal du melde dette til Fjord kommune. Då vil brannbefalet i ein alarmsituasjon vere klar over, og ha nødvendig informasjon om, kva ressursar brannvesenet kan få behov for.

Avtale om leige og bruk av lokalet/bygg skal gjerast med eigar. Eigar av bygg skal ha gjort ei vurdering av kor mange menneske lokala er godkjende for.

Behov for befaring?

Brannvesenet vil på eige initiativ kunne gjere ei befaring der arrangementet skal haldast. Du som arrangør kan også be om at vi kjem på befaring og diskutere brannsikkerheita ved arrangementet. Det er arrangøren som har ansvaret for sikkerheita Sjå rettleiar frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) - «Veileder for sikkerhet ved store arrangement».  

Slik melder du frå

Her kan du melde inn arrangement med eller utan overnatting.

Melding til politiet om arrangement

Skal du halde eit arrangement på offentleg stad skal dette og meldast til politiet.   

Regelverk

Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 7