Befolkningsvarsling

Befolkningsvarsling

Fjord kommune nyttar Everbridge befolkningsvarsling for å kunne sende SMS til innbyggarane. Dette gjeld varsling om feiing og tilsyn, brot på vassleidning, stenging av vegar eller andre drift- og vedlikehaldshendingar.

Everbridge befolkningsvarsling kan både brukast på bestemte adresser eller områder, og gjer oppslag i fleire register: Folkeregisteret, kommunen sitt eigedomsregister og kontaktregisteret for offentleg forvaltning. Kvaliteten på varslingssystemet avheng av at det til ei kvar tid er oppdaterte og korrekte telefonnummer registrert frå alle husstandar og bedrifter i kommunen.

Meldinga som vert sendt ut går til telefonar i eit geografisk område, og vil gå til alle telefonar som er registrert i kvar husstand eller bedrift. Det betyr at du som oppheld deg i eit anna  geografisk område enn der du er folkeregistrert ikkje vil få melding som gjeld området du oppheld deg i.

For at du som innbyggjar  skal ha best muleg nytte av dette varslingssystemet, er det viktig at du kontrollerer at opplysningar knytt til dine og din husstand sine telefonnummer er korrekte. 

Har du firmatelefon, registrert deg mot telefonselgarar eller har hemmeleg telefonnummer, kan det vere at du ikkje mottek varsel. 
Sjekk om du er registrert for denne tenesta!  


Du kan gå inn på  https://resident.everbridge.eu/index?o=TTTTTXfDM    
 

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som vedgår fritidseigedom eller liknande.

Ved SMS-varsel vil avsendar vere Fjord.

 

Aud Lindis Ødegaard
Seniorrådgjevar
E-post
Telefon 418 67 805