Supersommar 2026!

Vi inviterer barn og unge som går i 1.-10. klasse i Fjord til kjekke sommaraktivitetar! Påmelding på lenkene nedanfor.

 


Sommaraktivitetar for barn og unge

Supersommar er eit tilbod om sommaraktivitetar for barn og unge i 1. - 10. klasse. Supersommar 2026 gjeld for veke 26 og 27. Aktivitetane er lagt til bygdene i Fjord kommune og er eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv. Også i år har vi eit samarbeid med DNT Sunnmøre om friluftsskule for 5.-7. klasse i fire dagar i veke 26.

Aktivitetane er gratis for deltakarane, med unntak av friluftsskulen som kostar litt. 

Skyss er gratis.

Målgruppe

Supersommar er eit tilbod til barn og unge som går i 1.-10. klasse i Fjord kommune.

Praktisk informasjon

  • Aktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09.30 til 14.45. 
  • Det vert sett opp skyss. 
  • Alle deltakarar må ta med eiga niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen (med få unntak). 
  • Meir informasjon om kvar aktivitet på lenkene nedanfor.

Påmeldingsfrist er 14. juni
 

Viktig å vite om påmelding
Barn som skal starte i 1. klasse
Transport

 

Program og bussruter for Supersommar 2026 finn du på denne lenka (PDF, 350 kB)

Aktivitetane

Klikk på lenka for kvar enkelt aktivitet for informasjon og påmelding.

Tysdag 30. juni


Supersommar er drifta av Fjord kommune med støtte frå Bufdir.
 

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
E-post
Telefon 90 52 91 64