Kjekt å ha

Det kjem stadig nye produkt som kan gjere kvardagen enklare og tryggare. Her har vi samla nokre forslag som du kan kike nærare på. 

Smartklokke 

Ei smartklokke kan gjere mykje av det same som du kan med smarttelefonen din. Som for eksempel ringe nokon, sende sms, sjekke e-postar eller spele av musikk. 

Den kan også ha fleire nyttige funksjonar slik som GPS, fall-alarm som automatisk ringer naudkontakter eller naudtenestene, måling av søvn og hjerteovervaking.  

Vi anbefalar at du kjøper same klokke som telefonen din, eller same type som eventuelle pårørande har.

Aktivitetsklokke

Treng du mest ein dytt bak for å kome i gang med aktivitet, kan ei aktivitetsklokke vere ein liten motivator på vegen. 

Tryggleiksklokke

Ei tryggleiksklokke er ein mobil tryggleiksalarm. Den kan varsle dine pårørande om noko skulle skje når du er ute på tur i skog og mark. Klokkene har som regel mulegheit for tovegs tale, GPS og fallalarm.

For sosial kontakt

Ny teknologi gjer det enklare å ha kontakt med familie og vener. Spesielt hyggeleg er det å sjå dei ein snakkar med. Då kan du bruke eit nettbrett og ringe med Skype eller Facetime. Elles er KOMP ein fin måte å ha kontakt med omverda på. 

Les meir om Komp

Hjelp til deg med nedsett syn

Du kan tilpasse telefonar, nettbrett, Mac og PC slik at dei kan brukast sjølv om du har nedsett syn eller er blind. 

For råd og tips, les meir på nettsida til Helsenorge om syn og hkvardagsteknologi

Synshjelpemidlar er hjelpemiddel du kan søke om frå NAV Hjelpemiddelsentral. 

Les meir om hjelpemiddel her.

Gry Bente Stranden
Ergoterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 57