Langvarig behov for hjelpemiddel

Har du ei langvarig og vesentleg funksjonsnedsettinge kan du låne hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral Møre og Romsdal.

Eit hjelpemiddel kan bidra til å redusere praktiske problem viss du har ei funksjonsnedsetting. 

Hørselskontakt

Ergoterapeut er også hørselskontakt i Fjord kommune, og kan bistå med bestilling eller søking på hørselshjelpemiddel til bruk i heimen. 

Kven kan få hjelpemiddel?

For å få eit hjelpemiddel må det vere nødvendig og hensiktsmessig for at du skal: 

  • få løyst praktiske problem i dagleglivet
  • meistre kvardagen i barnehage, grunnskule, vidaregående skule og som lærling
  • bli i stand til å skaffe deg eller behalde arbeid, eller gjennomføre utdanning eller arbeidstrening
  • kunne bli pleid i heimen

For nokre kan behandling, trening eller innlæring av nye teknikkar vere hjelp god nok, og vurderast ofte før eventuelle hjelpemiddel vert tatt i bruk. Ta kontakt med oss for vurdering av kva tiltak som er aktuelle for deg.

Kva hjelpemiddel finst?

Det finnes eit stort utval av hjelpemiddel. NAV har fleire nettsider med informasjon: 

Hjelpemiddeldatabasen.no – informasjon og oversikt over tekniske hjelpemidler

Kunnskapsbanken.net – om hjelpemidler, tilrettelegging og tolk

Appbiblioteket.no – om bruk av smartteknologi for mennesker med nedsatt funksjonsevne  

Behandlingshjelpemiddel

Behandlingshjelpemiddel er medisinsk, teknisk utstyr som vert brukt i samband med medisinsk behandling utanfor sjukehus. Eksempel på slikt utstyr er oksygenutstyr, respirator, forstøvarapparat, ernæringspumpe, infusjonspumpe, C-PAP m.m.

Behandlingshjelpemiddel vert ikkje formidla av NAV Hjelpemiddelsentral, men av Regional enhet for behandlingshjelpemidler ved St. Olavs hospital i Trondheim. Behandlingshjelpemiddel vert rekna som ein del av spesialisthelsetenesta.

Les mer og søk på behandlingshjelpemidler.no

Kontaktinformasjon til Regional enhet for behandlingshjelpemidler Trondheim

Kva kostar det?

Bortsett fra nokre få unntak, er lån av hjelpemidldel frå NAV Hjelpemiddelsentral gratis.

Slik søker du 

Vi kan hjelpe deg å søke

Det er du som skal bruke hjelpemiddelet som er søkar, men vi har kompetanse til å vurdere aktivitetsutfordringar, og kan hjelpe deg med: 

  • funksjons- og behovsvurdering
  • råd om val og hensiktsmessige hjelpemiddel
  • utforming av søknad, begrunnelse om kvifor hjelpemiddelet er nødvendig og hensiktsmessig for å auke eller oppretthalde evna til å vere sjølvhjelpt.

Søknad med vedlagt dokumentasjon skal sendast til NAV Hjelpemiddelsentral. 

Du kan søke sjølv

Det er muleg å søke hjelpemiddel sjølv. Se veiledning på NAV sine hjemmesider: Slik søker du

Søknadskjema: Hjelpemidler og tilrettelegging på nav.no

Som hovudregel vert hjelpemiddelsentralen sine lagerførte hjelpemiddel brukt. Er det behov for andre alternativ, må det begrunnast spesifikt i søknaden.

Brukarpass

Brukarpasset er ein avtale mellom deg som brukar og NAV Hjelpemiddelsentral som gir deg utvida ansvar og auka innflytelse i eiga hjelpemiddelsak. Målgruppa for brukarpasset er erfarne brukarar med god innsikt i eigne behov. Les mer om brukerpass på NAV sine nettsider.

Kva skjer videre

NAV Hjelpemiddelsentral behandlar søknaden. Status på saken finn du på Ditt NAV (krev innlogging). Når søknaden er ferdigbehandla får du beskjed frå oss, eller ved nokre tilfelle som brev i posten.

Les mer på NAV sine nettsider: Jeg har søkt om hjelpemidler – hva skjer videre? 

Når du låner tekniske hjelpemidler har du ansvar for å:

  • få nødvendig opplæring i bruk
  • sette deg inn i bruksmåten
  • foreta vedlikehald som vask og enklare vedlikehald
  • gi beskjed om tap av hjelpemiddelet, uhell og nestenuhell
  • levere tilbake hjelpemiddel som du ikkje treng lenger

Fagpersonar i kommunen kan  gi opplæring i bruk av hjelpemiddel.

Gry Bente Stranden
Ergoterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 57