Visning av Ingstadfestivalen

Skiløpar i solfylt snølandskap - Klikk for stort biletePå skitur i Stordal Bjørnar Midtbust

Det vert visning av Ingstadfestivalen på storskjerm på biblioteket i Valldal fredag 10. februar kl. 19-22. Tema for festivalen er natur og psykisk helse. Alle er velkomne til å vere med!

Ingstadfestivalen

Dette er ein liten festival som blir streama direkte frå Helge Ingstad sin heim, Brattalid. Festivalen har fokus på naturopplevingar, nysgjerrigheit og eventyrlyst. Årets overordna tema er natur og psykisk helse.

Helge Ingstad var eventyrar, pelsjegar og forfattar og han har skrive fleire bøker om livet i villmarka i Canada, Svalbard og på Grønland.

Du kan lese meir om Ingstadfestivalen på festivalen si nettside


Foredragshaldarar

Johanne Refseth

Johanne Refseth er kvinna bak instagramkontoen @psykolog.med.sovepose og forfattar av den bestseljande boka Psykolog med sovepose. Ut over å vera instagrammar er Refseth ein anerkjent psykolog og foredragshaldar, og ho er mykje brukt som ekspertkommentator i TV, radio og i dei små og store avisene i landet. På Ingstadfestivalen vil Refseth prate om kva effekt naturen har på mental helse.

Stian "med sekken" Aadland 

Stian Aadland er polarguide, fotograf og deltids-eventyrar som kanskje er betre kjent under namnet "Stian med sekken". Når han ikkje utforskar einsame fjell på Svalbard eller dansar med pingvinar i Antarktis bur han stort sett i teltet sitt for å vera nærast mogleg naturen. For Stian handlar eventyra om leik, nysgjerrigheit og jakta på gylne stunder.


Velkomen til festival på biblioteket!